3. kv. 2012 Kvartalsrapport
Statens pensjonsfond utland fekk ei avkastning på 4,7
prosent, eller 167 milliardar kroner, i tredje kvartal 2012,
etter ein brei oppgang i dei internasjonale aksjemarknadene.
2. november 2012
Sammendrag av resultatene
- Statens pensjonsfond utland fekk ei avkastning på 4,7 prosent, eller 167 milliardar kroner, i tredje kvartal 2012.
- Avkastninga på aksjeinvesteringane frå fondet var 6,5 prosent, medan renteinvesteringane fekk ei avkastning på 2,2 prosent. Det samla resultatet var 0,03 prosentpoeng lågare enn avkastninga på referanseindeksane fondet har.
- Investeringar i fast eigedom fekk ei avkastning på 2,7 prosent.
- Ved utgangen av kvartalet var marknadsverdien av fondet 3 723 milliardar kroner.
- Fondet var investert med 60,3 prosent i aksjar, 39,4 prosent i rentepapir og 0,3 prosent i eigedom.