Til hovedinnhold

3. kv. 2002 Kvartalsrapport

I tredje kvartal 2002 var periodeavkastninga av Statens petroleumsfond medrekna Miljøfondet på –5,13 prosent målt i den valutakorga som svarar til samansetninga av Petroleumsfondet sin referanseportefølje. Samla for dei tre første kvartala i 2002 var avkastninga på –7,36 prosent.

20. februar 2002

Den valutakorga som Petroleumsfondet er investert i, blei i tredje kvartal om lag ein prosent mindre verd i forhold til norske kroner. Målt i norske kroner var avkastninga i tredje kvartal derfor noko meir negativ med –6,29 prosent. Samla for dei tre første kvartala var avkastninga målt i norske kroner på –18,49 prosent, etter at krona hadde styrkt seg mykje i andre kvartal. Men endringar i verdien av krona har ikkje noko å seie for den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Avkastninga av den ordinære aksjeporteføljen (utanom Miljøfondet) var i tredje kvartal –19,72 prosent målt i valutakorga til referanseporteføljen. Det kjem av at aksjekursane i dei tre hovudmarknadene USA, Europa og Japan fall kraftig gjennom kvartalet. Renteporteføljen hadde positiv avkastning i kvartalet med 4,72 prosent målt i valutakorga, etter rentenedgang særleg i USA og i euro-området.

I tredje kvartal 2002 var avkastninga av Petroleumsfondet sin ordinære portefølje 0,14 prosentpoeng lågare enn avkastninga på den referanseporteføljen som Finansdepartementet har definert. Samla for dei tre første kvartala i 2002 var den faktiske avkastninga 0,08 prosentpoeng høgare enn referanseavkastninga.

Miljøfondet hadde i tredje kvartal ei avkastning på –19,07 prosent målt i valutakorga til referanseporteføljen og –20,07 prosent målt i norske kroner. Samla for dei tre første kvartala var avkastninga på –28,17 prosent målt i valutakorga og –36,81 prosent målt i norske kroner.

Petroleumsfondet sine internasjonale aksje- og renteporteføljar blei i tredje kvartal tilført midlar for til saman 37,6 milliardar kroner. Marknadsverdien av fondet sin samla verdipapirportefølje rekna i norske kroner, var på 603,6 milliardar ved utgangen av tredje kvartal. Det er ein liten nedgang frå starten av kvartalet og skuldast i hovudsak den sterkt negative avkastninga i aksjeporteføljen.