3. kv. 2011 Kvartalsrapport

Sterk nedgang i de globale aksjemarkedene ga Statens pensjonsfond utland en avkastning på -8,8 prosent, tilsvarende -284 milliarder kroner, i tredje kvartal 2011.

28. oktober 2011

Sammendrag av resultatene

  • Sterk nedgang i dei globale aksjemarknadene gav Statens pensjonsfond utland ei avkastning på -8,8 prosent, tilsvarande -284 milliardar kroner, i tredje kvartal 2011. Kvartalet var det nest svakaste i fondshistoria.
  • Avkastninga på aksjeinvesteringane i fondet var -16,9 prosent, mens renteinvesteringane fekk ei avkastning på 3,7 prosent. Samla var resultatet 0,3 prosentpoeng lågare enn avkastninga på referanseindeksane til fondet.
  • Marknadsverdien av fondet fall med 56 milliardar kroner til 3 055 milliardar kroner.
  • Fondet kjøpte i juli 50 prosent av sju eigedomar i og utanfor Paris frå AXA Group. Det var den andre eigedomsinvesteringa i fondet og den første i Frankrike.
  • Ved utgangen av kvartalet var fondet investert med 55,6 prosent i aksjar, 44,1 prosent i rentepapir og 0,3 prosent i eigedom.

Webcast frå pressekonferansen

'