3. kv. 2007 Forvaltningsrapport

Rapport for: Statens pensjonsfond – Utland, Noregs Bank sine valutareservar (Investeringsporteføljen og Petrobufferporteføljen) og Statens petroleumsforsikringsfond

20. november 2007

Tredje kvartal var prega av uro og prisfluktuasjonar i finansmarknadene verda over. Aukande misleghald av bustadlån med låg trygd i USA førte til ein auke i renteforskjellen mellom verdipapir med trygd i lån til kundar med låg kreditt-tiltru og amerikanske statsobligasjonar. Aksjemarknadene blei også påverka av uroa, og det var sterk kursnedgang i juli og august. I september snudde utviklinga i aksjemarknaden, og ein del av kursnedgangen blei reversert. Det var selskap innanfor råvaresektoren som hadde den sterkaste kursutviklinga, mens det var svakast kursutvikling for selskap innanfor sektorane finansielle tenester og forbrukstenester.

Webcast fra pressekonferansen